Farmen 2020

Får skryt for leiarstilen sin etter å ha dratt i hamn krevjande vekeoppdrag

– Veldig kjekt, seier Karianne Kopperstad om dei gode tilbakemeldingane. 27-åringen frå Nerlandsøya fortel at det å vere med på Farmen har vore ein draum i mange år.

Var storbonde: Karianne Kopperstad var storbonde under det til no mest krevjande vekeoppdraget under Farmen 2020. 27-åringen fekk ros frå fleire av deltakarane, men også frå sjåarane, for innsatsen sin.   Foto: Alex Iversen / TV 2

Reportasje

Realityserien Farmen er godt i gang på TV 2. Og: Mellom deltakarane i år er Karianne Kopperstad frå Nerlandsøya i Herøy. Førre veke var ho sentral. Som storbonde hadde ho hovudansvaret, då det som så langt denne sesongen er det mest krevjande vekeoppdraget vart godkjend. Mellom anna skulle deltakarane setje opp flaggstong, noko som både innebar å grave grop og støype fundament, men også å tilpasse sjølve stanga. Vidare var andre store oppgåver å byggje andehus med inngjerding, luke grønsakhagen og å etablere ei vassrenne for å sleppe å gå opp og ned ein bratt bakke for å hente vann nett til hagen.