Helgapraten med den nye Ulstein Group-konsernsjefen Cathrine Kristiseter Marti:

Ei dame med meiningars mot tek over sjefsstolen

Alle visste kven Idar Ulstein var. Og alle veit kven Gunvor Ulstein er. Den nye konsernsjefen slit sjølv Google med å finne særlege spor av. Heldigvis har ho sett spor av seg der det gjeld mest.

Nølte ikkje: Cathrine Kristiseter Marti nølte aldri då ho fekk spørsmål om å ta på seg jobben som konsernsjef, men seier ho ikkje hadde gjort det utan Gunvor og Tore Ulstein i ryggen.  Foto: Per Eide

Reportasje

– Ho er ei svært dyktig dame. Ho har meiningars mot og tør å utfordre meg og Tore, sa Gunvor Ulstein då ho presenterte den for folk flest ukjende Cathrine Kristiseter Marti som ny konsernsjef.