Her held dei styr på tusenvis av daglegvarer

Du fyller handlekorga med frukt, grønsaker, knekkebrød, kaffi og vaskepulver, men tenker du over logistikken som skal til for å få desse varene fram til butikken?
Reportasje

På Eidsnes i Sula er eit heilt apparat i sving for å sikre at butikkane har varer. Kvar dag køyrer 17 bilar fulle med daglegvarer ut frå grossistlageret til H. I. Giørtz Sønner. Varene skal til butikkar og storkjøkken over heile Sunnmøre, sørover til Nordfjord og nordover til Romsdalsfjorden.