Frå nyttår av skulle eigentleg Edel Longva Nesheim (1 1/2 år) ha starta i barnehagen, men slik det ser ut no må ho klare seg med leik med mamma Lise og pappa Magnus. Foto: Einar Orten Trovåg

Edel (1 1/2) får ikkje barnehageplass, sjølv om det er 27 ledige plassar

– Då vi flytta heim hadde vi aldri trudd at barnehageplass skulle bli eit problem, seier Lise Longva og Magnus Nesheim på Haramsøya. Etter nyttår må ein av dei vere heime med dottera Edel, sjølv om det strengt tatt er ledige barnehageplassar i nærleiken.