Edel (1 1/2) får ikkje barnehageplass, sjølv om det er 27 ledige plassar
– Då vi flytta heim hadde vi aldri trudd at barnehageplass skulle bli eit problem, seier Lise Longva og Magnus Nesheim på Haramsøya. Etter nyttår må ein av dei vere heime med dottera Edel, sjølv om det strengt tatt er ledige barnehageplassar i nærleiken.