Lidia Didriksen er gründer av Rykende Fersk Boulangerie på Roald på Vigra. Bakeriet har besøkande frå heile distriktet. Foto: Nils Harald Ånstad

Eit realt arbeidsjern

Under den første koronabølga dreiv ho bakeriet sitt aleine i to månader medan dei andre var permittert. Planen er å kome ned på beina også etter andre bølge, men no har Lidia Didriksen vore nøydd til å gjere andre grep.