Volda Campus Arena:

Tidenes julegåve til voldingane

– Vi gler oss. Det blir ei stor forandring å bytte ut Voldahallen med dette. Det seier volleyballspelar Marie Brænde, og smiler breitt der ho står saman med handballspelar Kine Hauge Kvalsund – midt inne i nye Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Jublar: Volda Campus Sparebank 1 Arena skal snart takast i bruk. Marie Brænde (til venstre) og Kine Hauge Kvalsund gler seg stort.  Foto: Terje Engås

Reportasje

Marie er kaptein på volleyballaget i Volda, Kine på handballaget. Begge gjev uttrykk for at det kriblar etter å ta Volda si nye storstove i bruk.