Arne mønstrar av frå Sjømannskyrkja

Han har segla på dei sju hav, køyrd milevis på motorvegane i Europa – og besøkt eit utal flyplassar. No pensjonerer Arne Bakkedal (72) seg frå stillinga som diakonal medarbeidar i reisetenesta i Sjømannskyrkja.

Skipsbesøk: Arne Bakkedal. på veg om bord til eit skipsbesøk medan det framleis var normale pandemi-frie tider.   Foto: Morten Opedal / Sjømannskyrkja

Reportasje

– Eg har arbeidd i Sjømannskyrkja i fleire periodar. Men eg starta som sjømann. Vart byssegut berre 15 år gamal, minnest Arne Bakkedal. Han har i over 40 år hatt Sykkylven som heimehamn, og her skal han no nyte tilværet som pensjonist.