Bilmekanikaren som vart sokneprest

I 20 år var Jan Løkkeborg bilmekanikar i Skodje. Denne jula debuterer 54-åringen som sokneprest same stad. Men han har ikkje alltid sett fram til julaftan.

Jan Løkkeborg er fersk sokneprest i Skodje, der han tidlegare har vore bilmekanikar i 20 år.   Foto: Marius Simensen

Reportasje

– Far min døydde julaftan, i 1983. Berre om lag ein månad etter at han fekk påvist kreft. Det var eit sjokk for heile familien. Sjølv var eg berre 17 år, og i mange år etterpå hadde eg ikkje noko godt minne om julaftan. Dødsfallet sat lenge i.