Familie feirar jul på veglaus fjellgard

På julaftan skal det lyse frå vindauga på Midtgard i Oaldsbygda inne i Storfjorden. Det er første gong på 68 år.

Julehelsing: Familien Farstad Runde helsar God jul frå Midtgard i Oaldsbygda. Framme står Julie og Ida Elise. Bak Svenn Magnus og Ragnhild. Elghunden Lilja ville også vere med på bildet.  Foto: Privat

Reportasje

– Det var vel eg som kom på dette. Men resten av familien er med på ideen. Ettersom dette likevel blir ei spesiell jul, så tenkte eg at vi kunne prøve å feire jul på denne garden – heilt for oss sjølve.