Glenn brukar mellom 1000 og 1500 timar i året på frivillig arbeid: – Det er heilt unikt, meiner forskar

Få nordmenn gjer så mykje frivillig arbeid eller dugnad som Glenn Strùck gjer for Spjelkavik IL. Forskaren seier det er heilt unikt og idrettspresidenten meiner arbeidet Glenn gjer er uunverleg for norsk idrett.

Ulønt arbeid: Han kunne brukt tida på å lønt overtid. I staden gjer Glenn Strùck mellom 1000-1500 timar i året på frivilleg arbeid.  Foto: Peder Skjelten

Reportasje

Det er kaldt i lufta ein klar onsdag ettermiddag når vi blir med Glenn Strùck på ei runde i lysløypa i dalen ved Spjelkavikfjellet.