Audhild strålar når ho pratar om den nye jobben sin. Ikkje berre meiner ho det er den mest spennande kulturleiarjobben mellom Trondheim og Bergen, der ho er med på å lage ein ny organisasjon. Ho skryt dessutan veldig av dei rundt 60 tilsette, som ho meiner er veldig offensive og konstruktive. Foto: Marius Beck Dahle

– Det kjennest ut som eg har oppdaga ei hemmeleg verd

Ho var TV- og radioprofilen som fekk toppjobben på medieavdelinga i Volda, men enda med å seie opp etter ein bitter konflikt. No har Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tatt på seg ein ny tilsynelatande vanskeleg toppjobb, men denne gongen smiler ho frå øyre til øyre når ho snakkar om arbeidskvardagen.