Bilen frå Røde Kors er ofte i bruk både til kurs, aksjonar og treningar. Her frå skredkurs i Stryn i 2019. Foto: Linda Bakken

– To dødsulukker på Rotsethornet sette ein støkk i meg

Å kunne hjelpe. Det er drivkrafta bak frivillig arbeid for Stine Veie Haug (34). Småbarnsmora har ikkje tal på kor mange timar ho har brukt på kurs, trening og aksjonar i samband med skred og søk etter menneske i nød.