– På tur koplar eg av. Det er tungt å gå opp, og på toppen kjenner eg meg stolt. Det er betre å vere hekta på fjell enn å vere hekta på dop, seier Espen Sævik valø. Foto: Sofie Svanes Flem

Espen (30) erstatta rus med topptur: – Fjellet gjer meg til eit betre menneske

I fjor sommar, medan han var på rusbehandling, begynte Espen Sævik Valø å gå toppturar i fjellet. – Hadde eg ikkje funne gleda i fjellet, veit eg ikkje om eg hadde klart å bli rusfri, seier han.