Både Sande og Vanylven har slite med redusert folketal på 2000-talet. Begge kommunane har vore positive til kommunesamanslåing, men bortsett frå kvarandre ville ingen andre på søre Sunnmøre ha med Sande og Vanylven. No er ordførarane Olav Myklebust (Senterpartiet) og Lena Landsverk Sande (Venstre) spente på kva som skjer vidare. Foto: Einar Orten Trovåg

Kva skjer med kommunane som ingen vil ha?

Dei var positive til å slå seg saman med andre kommunar, men vart økonomisk straffa fordi ingen ville ha dei. No er både Sande og Vanylven spente på kva som skjer vidare – og kva konsekvensar det får for dei.