Rett etter at Harry Valderhaug hadde parkert ved Øysenteret på Valderøya storma Rabiulla Barikzai og Storm Farstad Witsø til. Dei to 13-åringane har som 13-åringar flest enno ikkje begynt å setje seg inn i politikk, men veit godt kven Harry er. Foto: Nils Harald Ånstad

Slik skal Harry gjere det umoglege mogleg

Møre og Romsdal har i alle år vore ein KrF-bastion, men valet til hausten kan dei for første gong stå utan representasjon frå fylket. Ein populær ordførar frå Giske har fått i oppgåve å gjere det han kan for å kome inn.