Turistperla i enden av Lovatnet

Langs den kronglete fylkesvegen i Lodalen ligg Kjenndalstova, delvis gøymt av trolsk natur. Her får tilreisande oppleve alt frå tradisjonsrik mat, aktivitetar, sommarfestar og guida båtturar.

Kjenndalstova: – Eg meiner at Kjenndalstova er ei perle, seier Jan Ove Hogrenning, som driv kafeen med kona Ingvill Tronrud. Kjenndalstova ligg sist i rekka av næringskjeda langs Lovatnet.  Foto: Lene Flataker

Reportasje

Kvart år legg tusenvis av turistar turen til idylliske Lodalen. I enden av næringskjeda langs vatnet ligg Kjenndalstova, som har vore drifta av Jan Ove Hogrenning og Ingvill Tronrud.