[Helgapraten]

Direktør med penn for poesi

Tida som heiltidspolitikar er forbi for Dag Olav Tennfjord. No går han andre vegar og skal sitje på den andre sida av bordet, som ny kommunedirektør i Giske kommune.

Går nye vegar: Dag Olav Tennfjord har ingen planar om å gå tilbake til politikken. Nyleg starta i han jobben som ny kommunedirektør i Giske kommune, ein jobb han trur han blir ståande i.  Foto: Marius Simensen

Reportasje

– Du spurde meg om kva som er bra og kva som er dårleg med å vere politikar? Eg har skrive eit dikt om det, seier Dag Olav Tennfjord energisk og skrollar ivrig på mobilskjermen.