Valderøya:

Oddmund (95) satsar på hummarfisket

Med nyinnkjøpt teine er Oddmund (95) frå Valderøya ein av 30.000 registrerte hummarfiskarar denne sesongen.

Hummarfiske: Etter mange år som aktiv hobbyfiskar, mellom anna på torskefiske og med line, satsar Oddmund Urkedal (95) i år på noko nytt. Med nyinnkjøpt teine og som registrert fiskar for sesongen, prøver han lykka etter hummaren utanfor Valderøya.   Foto: Staale Wattø

– Å få hummar kvar gong i berre ei teine, skal no godt gjerast

Oddmund Urkedal
Reportasje

I småbåthamna på Valderhaugstranda ligg ei lekker Kjøpstad-snekke og ventar tolmodig under oktobersola.