Helgaprat:

Brenn for sauer og sanning

Håvar Fagerli er opptatt av å få kritikkverdige forhold fram i lyset, også når han sjølv gjer feil. Som då han brende bråte og mista kontrollen.

Fjellaren: Håvar Fagerli kallar seg gjerne Fjellaren etter garden han bur på, 120 meter over Stadhavet. Frå øya Barmen er det fritt utsyn mot storhavet og Stadlandet.  Foto: Kristianne Myklebust Fagerli

Reportasje

Han er oppteken av rettferd og seier frå når han ser urett. Difor blei Håvar Fagerli varslar i sin førre jobb. Og difor vil han bli ny redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende, eller «Kavringen» som avisa populært blir kalla.