– Eg håper vi får utplassert kulturminneskilt under vatn i Lygnstøylvatnet, slik det har vore gjort på fleire vrak i sjøen.

Undervassetra

Det seier Lillian Larsen, leiar for marinarkeologiutvalet i Norges Dykkerforbund.

Ho har bak seg 25 dykk ved undervassetra i Lygnstøylvatnet i Norangsdalen – ein av Norges mest kjende dykkeattraksjonar. Vatnet vart til etter at eit steinskred frå fjellet Keipen demma opp elva Lygna 26. mai 1908. Under vatn kan ein studere restane av sela, ei grind, ein undervasskog, steingardar og steinbru over det som var elva.

Skjørt og verdifullt

Larsen er svært positiv til at Ørsta kommune no skal setje opp nye informasjonsskilt med opplysningar om det verna kulturminnet – med tydelege oppmodingar til dykkarane om å la det ein ser på botnen vere i fred.

– Men det bør også skiltast under vatn. Dykkarane må vere merksame på kor skjørt mykje av det som finst i vatnet er, og at dykkarane ikkje må røyve trea, til dømes. Eit uforsiktig finnespark kan vere nok til at dei går i oppløysing, seier Larsen.

Ho meiner eit dykkeforbod ville ha vore meiningslaust, og har langt større tru på å informere dykkarane på ein god måte, noko som no altså er på gang.

– Dermed kan dette halde fram med å vere ein undervass-attraksjon også for komande generasjonar, seier Larsen.

Klare til våren 2013

– Vi er glade for innspelet frå Larsen, og det tek med oss i den vidare planlegginga. Også vi i Ørsta kommune har vore uroa for at det kan oppstå skade på setra på grunn av den store dykkaraktiviteten der, seier plansjef Gunnar Wangen i Ørsta kommune.

Han fortel at kommunen samarbeider med Bergens Sjøfartsmuseum, Statens Vegvesen, fylkeskommunen og Volda Dykkarklubb, som no er i gang med å kartleggje det som finst på botnen av vatnet.

– Planen er at skilta skal vere på plass komande vår. Vi ynskjer også å gjere området på land meir tilgjengeleg, og anlegge ny raste- og parkeringsplass. Dette vil truleg ta litt lengre tid, men vi håper det også vil vere på plass om ikkje så lenge, seier Wangen.

Ny oppdaging

– Å sveve over dette unike kulturlandskapet er nesten som å flyge, og det er ikkje heile vatnet som er like godt utforska, seier dykkar og fotograf Christian Skauge.

På ein oppdagingstur i den nordaustlege delen av vatnet fann han nyleg det som kan vere restane av ei utløe bygd inn til ein stor stein. Dette huset har ikkje vore registrert tidlegare – den «offisielle» historia fortel om ni hus som kan teljast frå land. Det tiande er det til no dei færraste som har sett.