I 2017 opnar etter planen ei pendelbane som kan ta folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven på 1011 m.o.h.

Sjå video over

Det er henta inn lovnader om nærare 100 millionar kroner til prosjektet. Onsdag signerte dei kjøpsavtalen med leverandøren av bana.

- Bana koplar vi i hop med veldig mange eksisterande tilbod oppe på fjellet, seier Richard Grov i prosjektet, og har ambisjon om at dette skal bli ein opplevingsarena av dei heilt store.

- Bana opp og ned er garantisten for at det blir skapt verdiar som gjer at desse tilboda kan utviklast vidare, understrekar Grov, som også er adm.dir for Hotell Alexandra i Loen.

Variert løypenett

- Vår ambisjon er å bygge det beste vandreløypenettet i Norge, med eit utgangspunkt i 1010 meters høgde. Det blir både lette turar og meir utfordrande turar.

Vinterstid er det også muleg med toppturar i ulike variantar.

- I tillegg har vi sykling, nedoverbakkesykling, som er eit fantastisk tilbod, seier Grov.

- Og ikkje minst, dei som strevar seg opp Ferrata Loen har no mulegheit til å ta bana ned att, seier Richard Grov.

Sjå bilde: Hengebru og 160 meter ned

Bana er eit 200 millionars-prosjekt. Halvparten er lånekapital i tillegg til dei 100 millionane som er stabla på føtene lokalt.