Nyskapningsdag i Fosnavåg

Inviterer til gründer-seminar

«Nyskapingsdagen Søre» går av stabelen for første gong.

Hoppid.no F.v. Robert Voldnes (rådgjevar for Herøy, Ulstein og Hareid), Odd Magne Vinjevoll (Ørsta) og Martin Foldal (Volda).  Foto: Hoppid.no

Søre

Innovasjon Norge og Hoppid.no er med på laget når «Nyskapingsdagen Søre» går av stabelen for første gong onsdag 14. oktober.

Både nye og etablerte bedrifter er i målgruppa.

I tillegg til Herøy er fire kommunar med på samarbeidet, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Planen er at nyskapingsdagen skal bli eit fast arrangement kvart halvår.

- Dette er både for gründerar og for etablerte bedrifter, seier Robert Voldnes i hoppid.no.

Først blir det eit to timar langt gründerseminar. Deretter blir det mulegheit for speed-dating med folk frå Innovasjon Norge, opplyser Voldnes. Sjå programmet her (ekstern lenke)

- I ei tid der ein stor del av det regionale næringslivet er inne i ei utfordrande tid, er det viktig å få fram nye tankar og kanskje finne på nye ting i nye eller andre næringar, skriv Robert Voldnes ved hoppid.no i ei pressemelding.

Gründer Stine Goksøyr frå Herøy med firmaet Ko:ko skal fortelje om sine erfaringar. Det gjer også gründer Therese Moe Øye frå Ørsta, som har guidefirmaet Vestferd

I tillegg skal Innovasjon Norge, Hoppid.no og ÅKP (Ålesund Kunnskapspark) orientere litt om ulike ordningar både for oppstart av bedrifter og nyskaping elles, opplyser Voldnes.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre