Hadde nær 38 tonn for mykje:

Nesten 100.000 kroner i bot for overlast

91.500 kroner i overlast er ikkje kvardagkost for Vegvesenet.
Søre

– Det er svært sjeldan at det er så store overskridingar som det der, seier Runar Inge Larsen i Statens vegvesen.

For eigaren av mobilkrana ga 37,9 tonn overlast over Gurskøya i Herøy ei saftig bot på heile 91.500 kroner.

Larsen fortel at krana køyrde langs fylkesveg 654 då den vart oppdaga av vegvesenet og stoppa fredag før helga.

Nokre gonger kan Vegvesenet gje dispensasjon, men i dette tilfellet ville det aldri blitt aktuelt, ifølgje Larsen. Vegvesenet sine folk observerte mellom anna at krana køyrde over Dragsundbrua.

– Dette ser vi på som alvorleg. Nær 38 tonn overlast er ei stor belasting på vegnettet. Spesielt kritisk er det over brua i Dragsundet, seier Larsen.

For dei fleste mobilkraner er maks vekt 26 tonn, viser Forskrift om bruk av køyretøy. Krana var på 63,9 tonn.

– Dei fleste kraner kan demonterast. På denne måten kan dei omgå problemet, fortel Larsen.