Onsdag 16. desember får Ulstein vidaregåande skule storfint besøk. Då kjem nobelprisvinnar Edvard Moser på besøk.

Han er gift med May-Britt Moser, og paret fekk i 2014 tildelt Nobelprisen i medisin.

Les også: Moser mottok sin nobelpris

Besøket er lagt opp slik at det blir ei økt for elevar og tilsette der dei får treffe Moser, og ei økt berre for Moser og dei tilsette.Edvard Moser kjem frå Hareid, og er professor i nevrovitskap ved NTNU i Trondheim, der han er leiar for Kavli-instituttet.

Kona May-Britt kjem frå Fosnavåg. Også ho er professor i nevrovitskap ved NTNU, der ho er leiar for Senter for nevrale nettverk.

Les også: Nytt oppsiktsvekkende funn for Moser-paret