Vanylven kommune bør kjøpe industriområdet Fiskåholmen på Fiskå, med tilhøyrande bygg og utstyr, for inntil 7,3 millionar kroner. Det meiner rådmann Andreas Chr. Nørve.

Vanylven kommune ynskjer å få ny aktivitet på området og har gjennom kommunen sitt næringsorgan, Vanylven Utvikling AS, teke initiativ overfor Ulstein Group å få kjøpe industriområdet.

Ulstein verft la i fjor ned aktiviteten på anlegget. I sakspapira til formannskapet går det fram at ein har vore i kontakt med aktørar som ønskjer å etablere seg på det tidlegare verftsområdet.

No meiner rådmannen at kommunen må medverke til å sikre moglegheit for å få etablert vidare aktivitet der.

Kommunen vil finansiere kjøpet ved å selje aksjar i Syvde Eigedom AS, samt bruke av risikofondet.

Tanken er også å få til aksjonæravtale der kommunen får observatørstatus og innsynsrett i selskapet. Innan 1. januar 2017 vert det teke stilling til vidare driftsform.