Dette seier høgskulestudenten Magnar Almli (25) frå Hareid. Han går på Høgskulen i Ålesund og har brukt å parkere på kaia i Hareid sentrum når han tek hurtigbåten til byen.

Sunnmørsposten møtte studenten på hans nest siste gratisparkering, etter fullført studiedag i Ålesund.

Har ikkje råd

– Det er todelt. Eg er ikkje nødvendigvis imot betalt parkering av prinsipp, det kan ha sine positive sider også. Men reint personleg er det så enkelt som at eg ikkje kan prioritere å bruke to tusen kroner i månaden berre på å parkere her på kaia.

– Korleis vil du løyse saka då?

– Eg bur heilt framme på Bjåstad, så å gå er heilt uaktuelt. Eg vurderer no mulegeheitene for å kunne parkere hos slektningar som bur nærare. Men eg veit ikkje sikkert kva det blir til enno, seier Almli.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Misbruk

– Men når du blir såpass hardt råka på din eigen studentøkonomi, korleis kan du også vere positiv til betalingsparkering?

– Jau, fordi eg ser at parkeringsarealet her vert brukt på måtar som ikkje er heldig. Mange nyttar openbert plassane som langtidsparkering og det er jo ikkje heldig for nokon.

– Dessutan er det to timars fri parkering ved butikkane, det bør vere problemfritt for dei fleste å få handla frå seg på den tida, analyserer studenten.

Han vurderer heller ikkje å kjøpe seg årskort for parkering, og dermed få ned prisen.

– Nei, eg har ikkje eit heilt år att av studiane så også det er uaktuelt, seier han.

Hurtig: Både dagpendlarar og langtidsreisande tek hurtigbåten.

Almli viser til at svært mange studentar no hamnar i same økonomiske uføre som han sjølv.

– Dei burde kanskje ha vurdert eigen rabattordning for studentar, spør han.

Langtidsparkering

Sunnmørsposten snakka med fleire personar i Hareid sentrum. Nokre hadde markante meiningar, men ville ikkje stå fram med dei.

Ein eldre mann hevdar saka dreiar seg berre om pengar og inntekter for kommunen.

– Ja, for viss ikkje hadde dei enkelt kunne forby langtidsparkering på kaia, og så gitt bøter i tråd med dette.

– Svært mange misbrukar det mest sentrale parkeringsarealet når dei er ute på reise. Herifrå tek dei gjerne hurtigbåt til Valderøya og buss til flyplassen. Det blir langt rimelegare enn å betale for dyr parkering på flyplassen, hevdar mannen.

Les fleire nyheiter frå Søre her