Er i gang med «Børning 2»

Campingplasseigar på Runde gler seg til filmteamet bak den komande bilfilmen inntek øya tysdag.

Klart til opptak Ein sportsbil oppe på eit naust i sentrum av Runde-bygda vitnar om at noko spesielt skal skje. Tysdag vert det etter planen filma med helikopter når dei proffe bilførarane tek laust rundt på øya.   Foto: Knut Asle Goksøyr

Søre

«Børning» vart i fjor tildelt Amanda for årets film. No er opptaka til oppfølgjaren «Børning 2» i gang med start i Fosnavåg.

Difor har Sunnmøre fått besøk av ei rekkje bilar verdt litt meir enn ein gjennomsnittleg sportsbil. Måndag skal det har vorte spelt inn scener både i Fosnavåg og Sande - og tysdag står Runde for tur.

Knut Asle Goksøyr, som til dagleg driv campingplass på Runde, har teke bildet over artikkelen, av sportsbilen som i samband med innspelinga er plassert oppe på eit naust i bygda.

Børning 2 Måndag starta filmopptaka i Fosnavåg. Her står tre av bilane parkert på kaia i Fosnavåg. Königsegg CCXR nærast.  Foto: Smp-tipsar

 

Stor reklameverdi

Goksøyr gler seg til tysdagen, og er ikkje i tvil om at filmen kan bli god reklame for turiststaden.

– Heilt klart. Vi får tilbakemeldingar sjølv på enkle reklamesnuttar av bilar som har vore her ute på krokvegane, seier Goksøyr til smp.no.

Øya som er mest kjend for fuglefjellet, er ikkje ukjend med merksemd etter eksponering på film eller fjernsyn. Hovudpersonane i den norske tv-serien «Vaffelhjarte» budde i bygda i havgapet, og ein rekkje scener blei spelt inn på øya.

– Det hadde ein verknad i kring tre år, og folk kom for å sjå staden der opptaka var gjort, seier Goksøyr.

Eit ytterpunkt

Regissør Hallvard Bræin har tidlegare sagt at han opplever Fosnavåg er eit ytterpunkt ut mot havet, der det også er eit aktivt bilmiljø.

Torsdag blir fleire ferjeavgangar frå Volda, Folkestad og Lauvstad innstilt for filminnspelinga.

Fleire scener er lagt til Stryn, før bilane tar turen over fjellet. Før helga vart det spelt inn scener i Breiddalen vest for Grotli, skriv avisa Fjuken. Ein av bilane, Königsegg CCXR med 1.018 hestekrefter, finst det berre tre av i verda, skriv avisa.

Seinare går turen vidare til Oppdal og Rennebu.

«Børning 2» kjem på kino til hausten.


Kjellen går til filmen:

Får rolle i Børning 2

Når oppfølgeren til suksessen "Børning" kommer, dukker en kjent skikkelse opp på kinolerretet.



Stoppar ferjer for filminnspeling

Fleire ferjeavgangar frå Volda, Folkestad og Lauvstad blir innstilt torsdag 11. februar. Årsak: Opptak til filmen «Børning 2».



FILM

«Børning 2» får start i Fosnavåg

Fosnavåg og Herøy får spele ei sentral rolle i kinofilmen «Børning 2». Denne veka var regissøren på befaring.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre