Ap bergar truleg kirurgien i Volda

Akuttkirurgien ved Volda sjukehus ser ut til å vere redda.

Volda Sjukehuset i Volda har stått i fare for å miste akuttkirurgien sin. Det vil Arbeidarpartiet no forhindre. ARKIV  Foto: Terje Engås

Søre

Arbeidarpartiet slår nemleg fast at dei går imot regjeringa sitt forslag om at akuttsjukehusa må ha eit befolkningsgrunnlag på minst 60.000 innbyggarar.

– Dette er ein gledens dag, og noko vi har venta på, seier Jørund Knardal, nestleiar i Folkeaksjonen for Volda sjukehus, og meiner regjeringa ikkje lenger har fleirtal i denne saka.

Fredric Bjørdal (Ap) er einig i at det er grunn til å vere glad, men legg til at Stortinget avgjer.

– Men det at det største partiet no seier klart i frå at dei ikkje støttar regjeringa sitt forslag, det er viktig, seier Bjørdal.

Det var fredag at Torgeir Micalsen (Ap) sa til NRK radio at dei går imot regjeringa sitt framlegg.

Han la til at fagmiljøa seier det er mogeleg å finne variantar av ein god akuttberedskap.

Domino-effekt?

Fredric Bjørdal har tidlegare sagt at han trur regjeringas plan vil bety at sjukehuset i Volda endar opp som eit distriktsmedisinsk senter.

Elisabeth Røbek Nørve (H) svarte at ho ikkje trur på ein domino-effekt der andre funksjonar forsvinn saman med akuttkirurgien.


Slik vil dei berge akuttkirurgien i Volda

Kanskje kan Jan Tore Sanner bidra til å berge akuttkirurgien på søre Sunnmøre.





LEIAR onsdag 16. desember 2015:

Samstemte om behovet for akutten



Rykande ueinige i sjukehussaka

Overlege i Volda og statsråd Høie har to heilt ulike oppfatningar om kva det betyr å leggje ned akutten i Volda.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre