Volda sjukehus:

Har samla inn 11.000 underskrifter

Underskriftskampanje for å redde Volda sjukehus.

TRUGA: Akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

Søre

Kari Ristesund frå Uavhengig valliste for Sunnmøre har samla inn 11.000 underskrifter til støtte for Volda sjukehus - og spesielt for bevaring av akuttkirurgien, som er foreslått lagt ned.

– Det har vore gitt høve til å signere både på internett og på lister rundt omkring på butikkar og forretningar på søre luten. Vi har fått inn over 11.000 namn, og eg trur vi kunne ha fått inn mange fleire om vi berre ville, fortel Ristesund til avisa Vestlandsnytt.

Ifølgje avisa reiser Ristesund og partifelle Bjarne Kvalsvik til Oslo over helga for å levere frå seg listene i eit møte med Helse- og omsorgsdepartementet.

Ap bergar truleg kirurgien i Volda

Akuttkirurgien ved Volda sjukehus ser ut til å vere redda.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre