Brannvesenet i Ulstein rykka måndag ettermiddag ut etter at det blei utløyst ein automatisk brannalarm ved skipsverftet Kleven.

Det melder 110-sentralen for Møre og Romsdal på Twitter ved 17.20-tida.

Brannmannskap var på staden etter kort tid, og kunne melde tilbake til sentralen at det ikkje var noko brann på verftet.