Høgskulen planlegg nytt hus for medieutdanninga og har invitert kommunen til eit spleiselag, slik at Volda kan få ein etterlengta konsertsal/kinosal i same slengen.

– Eg er sterkt for ei slik løysing. For det er ingen andre mulegheiter for kommunen. Vi får ein vinn-vinn situasjon, sa ordførar Jørgen Amdam, etter at rektor Johann Roppen og dekan Pål Aam presenterte planane for kommunestyret torsdag.

Positive politikarar

Ordføraren peika og på at det er muleg for kommunen å realisere ein idrettshall i tilknyting til Høgskuleområdet - eller Campus Volda som det no vert kalla.

Fleire av kommunestyremedlemmene var positive.

– Medieutdanninga er viktig for Volda. Utdanninga er nøydd til å ligge på topp, og det er utgangspunktet for kommunen, sa Benedikte Holmberg (V).

Ingen vedtak

Saka er berre på orienteringsstadiet i kommunen, og ingen vedtak er fatta. Men Høgskulen sine folk sa at det hastar.

– Dersom ikkje medieutdanninga i Volda klarer å følge med på utviklinga i bransjen, så er vi ikkje lenger relevante. Difor treng vi nye lokaler med moderne teknologi. Samstundes ser vi at vår største konkurrent - medieutdanninga ved Universitetet i Bergen samarbeider med NRK og TV2 for å få eit moderne mediehus i Bergen, som vi veit vert attraktivt for studentane. Så dette er eit mottrekk til det, sa dekan Pål Aam ved Medieutdanninga ved Høgskulen.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Rektor Johann Roppen sa at Høgskulen har gode sjansar for å finansiere sin del. Han rekna med at kommunen må bidra med rundt ein tredel av kostnadane, dersom ein konsert/kinosal skal inn i prosjektet.