Området med utskipingskai, tre produksjonshallar, i tillegg til administrasjonsbygg og bustadbrakker for gjestearbeidarar - har tidlegare vore nytta av skipsbyggjarkonsernet til seksjonsbygging.

Vanylven Utvikling AS, kommunen sitt næringsapparat, har vore i kontakt med fleire aktørar som kan vere interesserte i å etablere seg på området.

– Håpet er at der vil verte ny aktivitet på området før sommaren er omme, seier ordførar Lena Landsverk Sande.

Håpar på ny aktivitet

Gunvor Ulstein legg vekt på at det alltid har vore eit godt partnarskap med Vanylven kommune.

– No ønskjer vi å gi noko tilbake slik at Vanylven kan utvikle seg vidare, seier Ulstein.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Og når dei no sel til kommunen, heiar Ulstein på satsinga og håpar dei får ny aktivitet.

Bølgjekraft

Under ei enkel markering i kantina på Fiskåholmen onsdag trekte ho spesielt fram ei satsing på utstyr til bølgjekraft, som det blir jobba med å få til.

– Vi ønskjer å vere med å bygge lokalsamfunn. Og det vil glede oss viss de klarer å få til produksjon av bølgjekraftanlegg her, seier Ulstein.

Les meir i Sunnmørsposten torsdag eller Eavisa