Punktet om å leggje kommunesenteret til Myrvåg i Herøy er det mest handfaste endringa som er teke inn i det nye utkastet til intensjonsavtalen mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Samstundes vert det påpeika at det berre er snakk om den overordna strategiske leiinga med nokre støttefunksjonar, som skal vere plassert ved knutepunktet i Herøy - i kort avstand frå kommunegrensene til Ulstein og Sande.

– Grunnideen er å utvikle eksisterande kommune- og handelssenter, og at Myrvågane ikkje tek over desse funksjonane, heiter det i avtalen slik han ligg føre måndag ettermiddag.

Etter eit sonderingsmøte før helga er avtalen som nyttar namnet «Runde kommune» - og Herøy-slagordet «Ei båtlengd føre» som overskrift, korta ned fleire sider.

Les heile utkastet til avtale til høgre (under om du les på mobil)

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Seint måndag ettermiddag skal representantar for alle dei fem kommunane møtast til reelle forhandlingar på Larsnes  om det vidare innhaldet. Det er planlagt fleire møter dei komande vekene, og seinare i vår skal innbyggjarene få seie sitt. Til sist skal saka opp til politisk handsaming i dei ulike kommunestyra.

Smp.no er til stades på møtet måndag ettermiddag og kveld.