Sunnmørsposten skreiv måndag at Selje KrF vil slå Vågsøy og Selje saman med alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Vanylven-ordførar Lena Landsverk har forsøkt å by fram Selje kommune til partnarane på ytre søre, men konstaterer at ho ikkje har fleirtalet med seg.

– Veldig få har vore særleg positive, og dei fleste har stemt det ned, sa Landsverk til då ho møtte til forhandlingsmøte med Hareid, Ulstein, Sande og Herøy måndag.

Les også: Vil ha kystkommune frå Vågsøy til Volda

I tillegg til at tidsfaktoren har vore nytta som argument: At det er for seint å invitere inn fleire til samtalar, meiner ho fylkesgrensa er ei viktig årsak til den negative haldninga:

– Den er eit stengsel også til kva kunnskap vi har om kommunane sør for oss, fortalde ho.