– Naudetatane framme på staden, skriv Sogn og Fjordane politidistrikt på Twitter klokka 10.30.

– Alle tilsette og elevar er kome seg ut av skulebygget, melder politiet.

Vaktleiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Florø seier til NRK Sogn og Fjordane at mannskap frå Eid brannvesen blei send ut og dei fekk raskt konstatert at det ikkje var opne flammar. Det skal kun være snakk om røykutvikling som følgje av ein elektrisk feil, skriv NRK.

Klokka 10.39 melder politiet at brannvesenet har kontroll på brannen.

Skulen har 51 elevar frå 1. til 7. klasse samt SFO-tilbod. Ifølgje nettsida til skulen har dei seks kontaktlærarar, ein faglærar, rektor, og ein SFO-tilsett.