Namnet på kommunen er det einaste stridspunktet tilbake i forhandlingane om intensjonsavtale om samanslåing mellom Volda, Stryn og Hornindal. Det er klart etter eit nytt forhandlingsmøte fredag.

Det er semje om at kommunesenteret skal liggje i Volda, men at ein eventuell ny kommune skal organiserast i geografiske område med eigne servicetilbod, og kanskje også politiske kommunedelnemnder. Avtalen er generell på mange punkt, og mykje skal overlatast til ei fellesnemnd som skal leggje til rette for overgangen til ein felles kommune.

Les også: God kjemi mellom Volda, Stryn og Hornindal

Eitt punkt er framleis ope, og det gjeld namn. Stryn er villege til å godta at kommunesenteret skal vere i Volda, og difor meiner ordførar Sven Flo i Stryn at den nye kommunen skal heite Stryn.

– Både Stryn og Volda er kjende namn. Men sjølv om Volda har mange studentar som gjer kommunenamnet kjent, har Stryn tre-fire gongar fleire turistar som kan bringe namnet ut rundt om i landet og verda, seier Flo.

Hornindal signaliserte ei avslappa forhold til namnesaka, men er skeptiske til å bringe inn eit nytt og ukjent namn, slik som Kviven eller liknande. Same skepsisen gjer seg gjeldande i dei andre forhandlingsdelegasjonane. Dermed står de reelle valet mellom å kalle kommunen Stryn og Volda eller berre Stryn.

Forhandlingar om storkommune. Fv ordførar Sven Flo i Stryn, Stig Olav Lødemel, Hornindal og Volda-ordførar Jørgen Amdam. ARKIV Foto: Anne-Mari Tomasgard

– Mitt primære standpunkt er Stryn og Volda eller Volda og Stryn, men eg har personleg ikkje noko problem med å godta berre Stryn som kommunenamn. Volda vil uansett vere Volda, seier ordførar Jørgen Amdam.

I namnediskusjonen vart det også lansert eit humoristisk forslag frå Hornindal.

- Dersom vi endar opp med Volda som kommunesenter og Stryn som kommunenamn, så er det klart av vi må bruke Hornindal sitt kommunevåpen, sa Eldar Engelund i Hornindal sin forhandlingsdelegasjon.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook