Fleire bilistar har onsdag opplevd lange ferjekøar og attståande bilar på sambandet Hareid-Sulesund.

Onsdag utover dagen er til vanlig mellom dei mest trafikkerte tidspunkta i løpet av veka, og dei to ferjene Ullensvang og Høgsfjord har problem med å ta unna trafikken.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Det har vore redusert kapasitet på sambandet den siste veka fordi ferja Tidefjord er på årleg opphald på verkstad.

– Om ikkje noko spesielt skjer, vil Tidefjord vere tilbake i drift i løpet av fredag, truleg ettermiddag eller kveld, seier driftsinspektør Gudmund Fjørtoft i Norled til smp.no.

Frå då av vil sambandet ha vanleg rute med A, B og C-ferje.