Brannsjefane i dei sju kommunane på søre Sunnmøre vil ha eit møte med sentrale styresmakter etter at naudnettet svikta i samband med uveret «Tor» i vinter. Det kjem fram av eit brev til Direktoratet for nødkommunikasjon, melder Møre-Nytt.

Brannsjefane skriv at det nye naudnettet svikta i alle kommunar, og at det fleire stader var ute av drift i nær tre døgn.

– Det er alt for mange svakheiter i det nye naudnettet, og vi vil stille spørsmål ved om nettet er robust nok for vårt klima, heiter det i brevet.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Brannsjefane etterlyser meir informasjon til kommunane når det skjer feil. Dei påpeiker at mannskapa ikkje får informasjon om verken årsak til bortfall, eller berekningar om når naudnettet er forventa å vere operativt att.

Lege om svikten: Kan gi forsinkelser

Driftsdirektør Dagfinn Sjøvik uttalte etter uveret i januar, at naudnettet vil vere sårbart for nye utfall ved uver og langvarige straumbrot.