– Dei som vil ha dette alternativet kan stemme blankt, meiner ordførar Knut Engh i Ulstein.

Det var stort oppmøte og stort engasjement på folkemøtet om kommunesamanslåing på Sjøborg i Ulstein måndag kveld. Ein av dei som tok ordet var Dag Snipsøyr frå Hareid, som har gard på kommunegrensa til Ulstein.

Knallhardt angrep

– Får eg lov å ta ordet sidan eg er frå Hareid, og dette er eit folkemøte for Ulstein? spurde han.

– Gode naboar er alltid velkomne, var svaret.

Snipsøyr takka for det, og kom med eit knallhardt angrep på folkeavstemminga, der folk i Hareid må svare på om dei vil slå seg saman med Ålesund og nabokommunar, eller med Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven til Runde kommune.

– Avstemminga er ein parodi. Eg får ikkje stemme på det eg vil, nemleg ei samanslåing med Ulstein og Hareid, sa Snipsøyr.

Deretter følgde fleire talarar i same sporet.

– Vil de lodde stemninga i folket, så må de lodde stemninga i folket. Og stemninga i folket er Hareid og Ulstein. Derfor ei avstemminga ein parodi, og eit taktisk grep, sa Torbjørn Måseide.

15.000 innbyggjarar

Både ordførarane i Hareid og Ulstein svara med å vise til at Stortinget sitt mål med kommunereforma er kommunar med over 15.000 innbyggjarar.

– Hareid og Ulstein blir for smått, men eg har stor forståing for dei som ønskjer det, sa ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.

– Men vi vert 13.500 innbyggjarar, og med den gode folketalsutviklinga vi har vert vi snart 15.000. Kvifor er det så vanskeleg for han Anders Riise å samarbeide med Ulstein, kva er problemet? sa Jan Arve Ringstad frå Haddal i Ulstein, og hausta applaus.

Ordførar Riise: Ikkje berekraftig

Hareid takka nei til ein invitasjon om samanslåing med Ulstein så seint som i mars.

– Eg meiner Hareid-Ulstein ikkje er eit berekraftig alternativ i lengre perspektiv. Og det er eit alternativ vi har utgreidd før, utan at det vart noko av. Men eg skal ikkje avvise at det kan bli Hareid-Ulstein, dersom det ikkje vert noko av dei andre alternativa, sa ordførar Anders Riise i Hareid.

Ulstein-ordføraren kom med denne oppmodinga til folk i Ulstein som vil markere at dei vil ha Hareid-Ulstein.

– Stem blankt under folkeavstemminga!

Sprikande staur om storkommune

Alle dei fem ordførarane bak intensjonsavtalen om Runde kommune deltok på folkemøtet. Her kom det for dagen at det er sprikande staur i ordførargruppa. Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr sa at han har tatt eit ikkje-standpunkt til avtalen. Det vil seie at han ikkje vil gi råd til veljarane om kva dei skal stemme.

– Eg er meir for ei samanslåing mellom Herøy og Sande enn mellom dei fem kommunane som har skrive intensjonsavtale, sa Herøy-ordføraren.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh tok opp att kritikken han har kome med om det mest omstridde punktet i intensjonsavtalen, nemleg plasseringa av eit nytt, men lite, rådhus i Myrvåg i Herøy.

– Vi startar med eit rådhus og seier det ikkje skal vere så stort, men kva vert det neste? Alt kan til slutt hamne i Myrvåg, sa Engh.

Dermed kom ordførar Dag Vaagen i Sande på banen.

– Desse synspunkta kjem på feil tidspunkt. Vi må vakte oss for ikkje å undergrave den avtalen vi har blitt samde om, sa Vaagen.

Plasseringa av eit kommunesenter i Myrvåg, altså utanfor etablerte senter, vart kritisert også av andre på møtet.

Kleven støtta «Runde kommune»

– Ver forsiktig med å svekkje sentera i kommunane dykkar, som har styrka seg kraftig dei siste åra. Vi veit kor viktig det er med eit sterkt senter i ein kommune, ikkje minst i dårlege tider, sa plansjef Ole Helge Haugen i Møre og Romsdal Fylkeskommune, som var innleiar på møtet.

Kjersti Kleven hadde same oppfatning.

– Vi må styrkje sentrum, ikkje byggje opp noko utanom. Trekk lodd eller kva som helst om kvar rådhuset skal liggje, sa Kleven, som etterlyste meir entusiasme rundt prosjekt «Runde kommune».

–  Dei av dykk som verkeleg vil ha denne løysinga må sette seg ned og ta styringa, sa Kleven.

Mange stemte for «Runde»

På tampen vart det gjennomført ei uformell prøveavstemming for folk i salen. Av dei 104 som stemde via mobiltelefon støtta 60 intensjonsavtalen.

Dersom det ikkje vert noko av Runde kommune så ville 58 av 104 ha ei samanslåing mellom Hareid og Ulstein som første alternativ.

– Dette er på linje med det spørjegranskingane har vist, sa ordførar Knut Erik Engh.

Intensjonsavtalen: Last ned og les intensjonavtalen mellom Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid

F.v. Arnulf Goksøyr (Herøy), Lena Landsverk Sande (Vanylven), Anders Riise (Hareid), Dag Vaagen (Sande), møteleiar Einar Vik Arset, Knut Engh (Ulstein). Foto: Svein Aam
Fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Foto: Svein Aam