– Ein rapport viser at Tine kan redusere dei årlege konstnadene med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien. Etter ei intern drøfting og høyring går saka til endeleg avgjerd i konsernstyret, mest truleg før sommaren, skriv Tine i ei pressemelding.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Forslaga til endringar er:

  • Flytte småostproduksjonen i Ørsta til Elnesvågen.

  • Flytte brunostproduksjonen i Ørsta til Lom og Skjåk og Byrkjelo.

  • Avvikle kvitostproduksjonen i Ørsta. Samle all kremostproduksjon i Tine og legge ned eitt av meieria i Hardanger eller Ørsta.

Tung dag

Det har i ettermiddag vore eit allmøte på meieriet i Ørsta. Der har dei tilsette fått presentert rapporten og styrets konklusjon.

– Det er no lagt fram eit stykke arbeid frå ei arbeidsgruppe i Tine, og den rapporten har blitt handsama i styret i dag. No skal den på høyring i organisasjonane til dei tilsette, seier Bente Reklev, meierisjef i Ørsta.

Korleis blei nyheita tatt i mot av dei tilsette?

– Det er aldri kjekt å få vite at arbeidsplassen kan stå i fare, så det er ein tung dag, seier Reklev.

Ikkje avgjort

Lizz Trine Amoroso er tillitsvald for dei tilsette på meieriet. Ho også kan fortelje om dyster stemning.

– Dei tilsette sa ikkje så mykje, dei vart nokså stille då dei skjønte punkta i pressemeldinga. No må vi gjere det beste ut av det, slik som det er no, og vi må fordøye det litt, seier ho og legg til at ingenting er avgjort enno.

– Vi har visst ei stund at det har vore ei utgreiing på gong, spørsmålet var kor mykje vi kom til å bli råka. Vi har eit håp om å ha meir å gjere, sjølvsagt, spørsmålet er kor mykje vi klarar å påverke, seier ho.

No startar arbeidet med å lage eit høyringssvar. Fristen der er i slutten av mai.

Heller ikkje ordføraren i Ørsta, Stein Aam, vil ikkje gi seg utan kamp.

– Eg har frykta dette, men det som no kjem fram er endå verre enn føresett. Og dette er alvorleg. No må vi mobilisere det vi kan og kjempe heilt til slutt for å kunne oppretthalde Ørsta-meieriet.  Vi skal stå på saman med dei tillitsvalde, seier han til Møre-Nytt.

70 årsverk

I følgje pressemeldinga vil Tine ha bruk for 70 færre årsverk om dei vedtek å legge ned to meieri, inkludert utfasing av Jarlsbergproduksjonen for eksport. Også meieriet på Voss er i fare for å bli nedlagt. I Ørsta er det om lag 50 tilsette.

– Tine skal ta vare på alle som blir råka av desse endringane gjennom dei om omstillingsrettningslinjene vi har. Eg har stor forståing for at mange av våre medarbeidarar no vil føle seg utrygg på jobbsituasjonen, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik. Dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier Per Ivar Berg, konserndirektør for produksjon hos Tine.

I følgje Møre-Nytt var det tysdag allmøte ved meieriet i Ørsta, der det vart orientert om at meieriet kan bli lagt ned.

Les fleire nyheiter frå Søre her