Først fekk Melshorn Hotell avslag hos kommunestyret i Hareid.

Så overprøvde Fylkesmannen vedtaket, og ga dispensasjon for å drive mottak for mindreårige asylsøkjarar.

No har Utlendingsdirektoratet (UDI) sagt nei.

– Då det har kome få asylsøkjarar til Norge så langt i år, er behovet for nye asylmottak blitt mindre. Derfor avlyser UDI konkurransen om fleire asylmottak for einslege, mindreårige asylsøkarar, skriv UDI i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Tente godt i vinter

Inntil vidare blir det derfor ingen inntekter på hotellet for eigar og drivar Linda Haddal Røssevoll. I desember i fjor la ho om frå vanleg hotelldrift til asylmottak. Det ga fleire millionar kroner i inntekter, og arbeidsplassar for 15. I april drog dei siste asylsøkjarane, og sidan då har Røssevoll jobba med å få inn nye gjestar på huset.

– Eg er nøgd med innteninga i vinter, og har litt å få på, men ikkje heilt til hotellmarknaden er tilbake om to-tre år, seier Røssevoll til Smp.no.

Vil søke på nytt

Ho vil no søke UDI om å få drive ordinært asylmottak, som i vinter.

– UDI har har lagt ut eit anna anbod, der dei treng 20.000 akuttplassar på landsbasis, og 2.200 i Møre og Romsdal og Trøndelag. Fristen for å gje eit tilbod er 2. juni, fortel ho.

Utlendingsdirektoratet vil inngå avtalar for ein periode på to år.

Denne gongen reknar ho ikkje med at det blir så lett-tente pengar.

– I fjor betalte dei millionar for plassar som ikkje vart brukt. No betaler dei berre når dei nyttar plassane, seier Røssevoll.

Utan gjester medgir ho at det no er ei spanande tid for den som vil drive hotell. Røssevoll overtok Melshorn Hotell i 2010.

– Ein må behalde evna til å omstille seg. Det er litt utfordrnade no. Men eg angrar ikkje, nei, seier ho og seier ho har fleire prosjekt som ho jobbar på, i håp om å få inn gjester på hotellet.