Nordjordkommunane Eid og Gloppen hadde måndag folkerøysting om kommunesamanslåing.

Dei endelege resultatet frå folkerøystinga i Eid blei 56,2 prosent ja, 38,9 prosent nei og 4,9 prosent blanke stemmer.

Totalt stemte 2.367 personar, noko som gav ei valdeltaking på 49,3 prosent, ifølgje heimesidene til Eid kommune. Formannskapet i Eid møtast førstkomande torsdag for å avgjere vegen vidare.

Jamnt i Gloppen

I Gloppen blei resultatet svært jamnt og gjekk i favør av motstandarene av samanslåing.

50,82 prosent stemte nei, 47,16 prosent stemte ja og 2,03 prosent stemte blankt.

Folkerøystinga engasjerte tydeleg bra og 3060 stemmer utgjer ei valdeltaking på heile 67 prosent, opplyser kommunen på sine heimesider.

Førehandsrøystene

Ut frå resultata av førehandsrøystene låg det an til ja-fleirtal i begge kommunar. I Eid stemte 69,4 prosent ja til samanslåing av dei som stemte på førehand. 27,6 prosent stemte nei og tre prosent stemte veit ikkje, ifølgje heimesidene til kommunen.

I Gloppen 53,4 prosent av førehandsrøystene ja, 45,3 prosent stemte nei og 1,3 prosent stemte veit ikkje, ifølgje kommunen sine heimesider.

Les også: Spent på om Eid seier ja til Gloppen