Veljarane i Eid sa ja, i Gloppen sa dei nei til samanslåing.

– Eg ser det som naturleg at vi i Eid no snakkar med nabokommunane både aust og vest for oss, og med Volda i nord.

Det seier ein litt skuffa Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V), etter at eit knapt fleirtal på 50,8 prosent i Gloppen sa nei til å gå saman med Eid. I Eid var det 56,2 prosent som røysta ja.

– Vi må ha større og tyngre einingar for å ha vekstkraft, meiner Bjørlo.Han seier dialogen med Vågsøy og Selje i vest, og med Hornindal og Stryn i aust, er god, og at ingen bruer er brende.

– Men det er kanskje Nordfjordbrua?

– Nei, det er eit prosjekt vi arbeider vidare med, svarer Bjørlo

Formannskapet i Volda er inviterte til Eid 7. juni.