Laurdag 11. juni blir vinnarutkastet i arkitektkonkurransen presentert. Det skjer i kinosalen på Sjøborg.

Etter ein utlysingsprosess der 38 arkitektfirma søkte om å få delta i konkurransen, vart fire arkitektfirma inviterte til å levere inn forslag.

Dette var Link Arkitektur, Ratio arkitekter, Snøhetta og Espen Surnevik.

Arkitektane vil vere til stades laurdag for fortelje om vinnarutkastet. Juryleiar Harald Nordal vil fortelje om juryen si grunngjeving for valet. Og tankar om vegen vidare vil blir presentert.

KYRKJEBYGGARAR Frå venstre soknerådsleiar Annelise Kleven Godø, sokneprest Margit Lovise Holte, leiar for planutvalet for nytt kyrkjebygg Harald Nordal og kyrkjeverje Christfried Kaul.