Han er er den som tydelegast har fronta kampen for å behalde akuttkirurgien, og fekk mellom anna Sunnmørsposten sin heiderspris i 2013 fordi han er ein uredd talsmann for lokalsjukehuset.

Torsdag ettermiddag vart det klart at Helse Midt-direktøren innstiller på at Volda får behalde akuttkirurgi for 2018-2022. Saka skal opp i styremøtet i Helse Midt-Norge 15. og 16. juni.

– Det er positivt, men samstundes naturleg, at Helseføretaket tar inn over seg dei politiske realitetane. Stortinget har gjort det svært vanskeleg for eit helseføretak å leggje ned eit velfungerande tilbod, seier Rune Heggedal.

Samstundes meiner han at det i innstillinga er formuleringar som viser at leiinga i føretaket nok helst ser at akuttberedskapen i Volda vert trappa ned.

Feil i innstillinga

– Det står til dømes at opptaksområdet er 42.000 innbyggjarar, men etter Eiksundsambandet er det nesten 50.000. Så dette må rettast på. Det står heller ikkje noko om konsekvensane av at fylkesgrensa har blitt flytande, og det er underleg, seier Heggedal.

– Og så håper eg det blir slutt på den tåpelege helgestenginga av akuttkirurgi. Absolutt ingen forstår kva det skal vere godt for.

Puste letta ut

Han trur at dei som har kjempa for akuttberedskapen i Volda kan puste letta ut.

– Stortinget har lagt føringar som også gjeld etter 2022, seier Heggedal.

Folkeaksjonen for sjukehuset

– Kva har det folkelege engasjementet betydd for saka?

– Det har vore veldig viktig. Det er avgjerande at folk slår ring om dei tenestene som vi veit fungerer.

Også i Folkeaksjonen for Volda sjukehus er det glede.

– Eg vel å tolke denne innstillinga positivt, og eg har god tru på ei positiv framtid for lokalsjukehuset. Dette gir arbeidsro, og det styrker mulegheitene til å sikre rekrutteringa av fagfolk, seier nestleiaren i aksjonen, Jørund Knardal.

Føringane er lagt

Føringane frå nasjonal helse- og sjukehusplan skaper rammene for den regionale utviklingsplanen i Helse Midt. Styret sitt vedtak i Midt-Norge 16. juni vil bli førande for kva slags handlingsrom Helse Møre og Romsdal får når dei skal handsame saka.

Helseminister Bent Høie (H) anbefalte at fem sjukehus kunne bestå som akuttsjukehus uten akuttkirurgi. Det var Volda, Narvik, Lofoten, Stord og Flekkefjord. Desse skulle bestå med minimum akutt indremedisin, anestesi og planlagt kirurgi, ifølgje Høie.

Stortinget

Etter dette har Stortinget gjort det klart at nasjonal helse- og sjukehusplan ikkje skal seie at akuttkirurgien ved sjukehusa nevnt over skal fjernast.

Nasjonal helse- og sjukehusplan omtalte først ulike scenario. Stortinget sitt vedtak slår ikkje fast at dei scenarioa som var skissert skal vedtakast slik.

Vedtak skal skje gjennom dei regionale og lokale utviklingsplanane, og det er det arbeidet som pågår no.