Litt før klokka 12.30 søndag fekk politiet melding om ei tresnekke funnen i fjøra i Vanylven.

– Dei som har vore nedmed båten har undersøkt og fastslått at det er ikkje er folk i båten. Det vi ser av fortøying kan tyde på at båten har slite seg, seier operasjonsleiar Per Rimmen i politiet.

Han seier Hovudredningssentralen likevel vil at politiet skal undersøke denne saka nærare. Søndag ettermiddag sende Hovudredningssentralen for Sør-Norge ut ei etterlysing.

Båten er merkt med TBA344.

– Vi har ingen saknamelding, og vi har ikkje hatt uvêr. Vi reknar med at båten har slite seg, men vi vil likevel undersøke nærare, seier Rimmen hos politiet.

I 14.30-tida hadde dei fått kontakt med ein tidlegare eigar, som kunne fortelje kven han selde båten til.