Opnar nyskapingspark

Herøy kommune og Herøy næringsforum skal til hausten etablere Herøy nyskapingspark på Holmsild brygge.

Tiltakspakke Herøy kommune får pengar frå staten som skal brukast til å stimulere nye forretningsidear. Til hausten får gründerar tilbod om plass i ein eigen nyskapingspark ved Holmsild brygge.   Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Målet er å skape eit kreativt miljø for framtidige gründerar som er i startfasen av sine forretningsplanar. Det skal vere eit lågterskeltilbod der den enkelte kan inngå ein avtale med Hoppid.no om leige av ein arbeidsplass til ein symbolsk sum.

Målgruppa er personar som har ein forretningside dei vil utvikle og har behov for arbeidsplass med tilgang på teknisk utstyr og moglegheit for «ide-sparring» med Hoppid.no.

Milliondryss til kommuner med høy ledighet

Regjeringspartiene er blitt enige med Venstre og Kristelig Folkeparti om å øke pengepotten som gis i direkte støtte til kommuner som er hardt rammet av oljefallet.

 

Tiltakspakke fra regjeringen:

Millioner mot ledighet på Vestlandet

Fire sunnmørskommuner får til sammen 10 millioner kroner i en tiltakspakke mot arbeidsledigheten som statsminister Erna Solberg presenterer i dag.

Herøy er ein av kommunane som for tida har høg arbeidsløyse og som får pengar frå tiltakspakken regjeringa har lansert. Ordførar Arnulf Goksøyr fortalde på Fosnavågkonferansen at kommunen vil også vil bruke 100.000 kroner frå tiltakspakken på stipend til mastergradstudentar.