Siste: I ei statusoppdatering frå Helse Møre og Romsdal klokka 08.30 står det at tilstanden framleis er kritisk og at guten intensivbehandles.

Guten blei brakt med helikopter til sjukehus ved 20.20-tida måndag kveld. Seinare på kvelden opplyser Ålesund sjukehus at guten er innlagd ved intensivavdelinga med svært alvorlege og kritiske skader.

Rykka ut

Tidlegare på kvelden rykka naudetatane ut til Årneset som er den offentlege badeplassen i Volda i sentrum.

Det blei meldt om at ein person var observert under vatn. Brannmannskap gjorde ifølgje politiet eit søk på overflata då dei kom til staden, og kunne kort tid etterpå melde at personen var teke op frå vatnet.

– Det blir utført førstehjelp på staden, opplyser politiet på Sunnmøre på Twitter like før klokka 20.

Eit ambulansehelikopter brakte personen til sjukehus. Politiet har ikkje opplysningar om at personen var ved medvit etter at redningsmannskap kom til staden.

Funnen her Naudetatane rykka ut til badeplassen på Årneset i Volda der ein person blei observert ute i vatnet. Foto: Svein Aam

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Etterpå var det fleire vitne på staden som fortel til Sunnmørsposten at dei høyrde nokon rope. Ein ung gut skal ha hatt problem ute i vatnet eit stykke frå land, i nærleiken av ei badeflåte.

Fleire skal ha forsøkt å hjelpe guten, men skal ikkje ha makta å få ham opp frå vatnet før bergingsmannskap kom til staden.

– Vi kjem truleg ikkje med fleire opplysninger om denne saka no i kveld, opplyser operasjonsleiar Kenneth Sætre til smp.no ved 21.10-tida.