I helga har ei aksjonsgruppe i Hornindal starta å samle inn underskrifter mot kommunestyrets vedtak om samanslåing mellom Volda og Hornindal, skriv Fjordabladet.

Aksjonsgruppa ønskjer ei folkerøysting for å spegle folkemeininga i kommunen.

– Vi vil gjerne ha med oss politikarane i Hornindal for å ta opp att denne saka. Vi vil vise dei folkemeininga, slik at vi kan få eit vedtak i tråd med det folket i bygda meiner. Dette skjer beste gjennom ei folkerøysting, seier initiativtakar Nils Petter Haugen, til avisa.

Både Fjordingen og Møre Nytt melder tysdag om det same.

Splitta Hornindal vel Volda: Kommunestyret i Hornindal seier ja til Volda

Før kommunestyret tok avgjeringa vart ei innbyggjarundersøking gjennomført. Den viste delte meiningar rundt spørsmålet.

– I Hornindal er vi 960 røysteføre. Om minst halvparten av desse skriv under på våre lister er det eit tydeleg signal på at denne saka må opp att på ny, gjennom ei rådgjevande folkerøysting.

Møre Nytt skriv at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt beskjed om at han ikkje kjem til å blande seg inn i saka, og at innbyggjarane ikkje har initiativrett for lovlegkontroll av eit kommunestyrevedtak. Underskriftsaksjonen blir difor no omtala som ei oppmoding til politikarane.

Les fleire saker om kommunereforma.